top of page

Steinhovden skule ligg vakkert til ved Høydalsfjorden og er nærskulen til borna frå grendene rundt fjorden.  Skuleåret 2018-2019 har alle elevane frå 1.-7. klasse jobba med prosjektet "Heimbygda mi" der vi har utforska korleis livet var på 1960-talet.  For å få greie på dette har elevane snakka med besteforeldre og andre som opplevde dette ti-året. Dei har samla inn bilete og historier dei har skrive og lagt ut på denne sida som vi har kalla Gjallarhorn etter avisa som den engasjerte distriktspolitikaren Tor Grønevik var redaktør for frå 1935-1940.  

For å gjenskape historia reiste vi rundt Høydalsfjorden med M/S Atløy i mai i år, og om du vil vite meir om dette kan du sjå bilete frå turen i galleriet til venstre eller lese om turen under Høydalsfjorden. 

 

Du kan lese om både Tor og andre på desse sidene der vi vil legge inn meir stoff etterkvart.

 

 

​

​

​

​Heimbygda mi - eit prosjekt ved Steinhovden skule 2019

  • White Facebook Icon
bottom of page