Gjallarhorn
Glimt frå bygdene rundt Høydalsfjorden på 1960-talet. Frå prosjektet "Heimbygda mi" ved Steinhovden skule
Galleri

1960-åra


Brukt i Sandvik på 1960-talet






Heimbygda mi Sandvik
Slik var livet på 1960-talet av Leander og Anders, 5. og 6. klasse
På 1960 talet budde det ca 25 personar i Sandvik. Det var 5 gardsbruk. På garden Myra hadde dei sau, kyr, okser, høner, geit, grisar, hund og katt. Dei fleste gardane hadde desse dyra. 17 mai var det vanleg å sette poterer. Den første traktoren i bygda, ein Bauts, kom på garden Bakken i 1958.
Ei veglaus bygd
Bygda var veglaus og dei tok rutebåt for å kome seg ut av bygda, men bygde veg inne i bygda og til kaia. Før var det berre kjerresti. Etterat vegen og kaia kom vart det lettare å frakte varer til og frå bygda.
Skulen
For ca 100 år sidan var det skule i Sandvik. Læraren, Margrete Høydal, var 14 dagar i Sandvik og 14 dagar i Nyttingneset. Når det ikkje var meir barn i Sandvika, vart skulen nedlagt og seinare måtte barna gå på skule på Bjørnset. Det gjorde dei til ca 1980.
Straum og brevhus
Sandvik fekk straum på tidleg av 1950 talet. Der var også brevhus på garden Bakken frå 1949. Det varte heilt til vegen til bygda kom i 1981.

Sommarminne frå Sandvik
Av Ine Elise, 1. klasse
Sommarminne til farmor var at dei måtte vere med å jobbe på garden. Bestefar kvilte middag. Om kvelden reiste dei og bada i sjøen.
Sommarminne frå mormor
Av Sunniva, 1. klasse.
Då mormor var lita jente var dei masse på Hydrastranda. Ein sommar bestemte pappaen til mormor at ho skulle lære å symje. Han festa eit fiskesnøre i badedrakta og heldt stramt i snøret mens mormor hylte og bar seg i vatnet. Farmor lærte seg ikkje å symje den sommaren.

