top of page

Heimbygda mi - Steinhovden og Holmesund

Slik var livet på 1960-talet av Mathias, Dani-Aron, Johanne 5.-7. klasse 

​

I den veglause bygda Steinhovden på 1960-talet var dei avhengige av båtbygging, gardsdrift, butikken i Holmesundet og båten som gjekk i rute på fjorden til Florø. Det var ein skule i Steinhovden før, men ikkje den som var i det huset som Gunn og Arne Steinhovden bur i no. 

​

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 Anders Steinhovden sjøset ein færing.     Foto: Arne Steinhovden

 

I Florø var det gamleheim men er var det ikkje plass til mange. Så dei gamle som budde i  Steinhovden måtte bu hos slekt eller kjente. Anna Steinhovden hadde mange som budde hos seg. Ein gang budde der ei dame som var hypokonder, ho stoppa kvar gong ho gjekk i trappa fra loftet for ho trudde at hjertet skulle stoppe opp.

 

Når dei skulle sende kyrne til slakt, måtte dei leie kyrne med magebelte og grime heilt ned til kaia i Holmesundet sjølv i det styggaste vêr.  Det såg komisk ut når dei skulle heise kyrne opp i båten fordi dei sprella slik med beina. 

​

På 1960-talet var det så kaldt, at Høydalsfjorden fraus til is. Arne likte å gå på skøyter på isen, og ein gong vart det ein veldig dramatisk tur. Han gikk åleine frå Steinhovden og tvers over fjorden til Langeneset og tilbake igjen til Smedplassen. Plutseleg begynte isen å bølgje bak han, og Arne trudde han kom til å gå gjennom isen.isen. Etter den gangen lova Arne at han aldri skulle gå på skøyter aleine igjen. 

 

Anders Steinhovden sjøset færingovd
Karsten i Sundet og Oline i posten.png
I Holmesundet var det butikk, telegraf og båtrute. Det var Karsten Olsen som dreiv butikken.

Holmesundet

Karsten i Sundet og Olina i posten.

Høydepunktet på dagen var når båten kom, den brukte 3,5 time på turen til Florø og det same på heime vegen. Mange møtte  opp på kaia når rutebåten kom. Dei unge var glade hvis dei fekk kome seg fri frå arbeid å gå til kaia, då dei unge ofte måtte hjelpe dei gamle i bygda, til dømes å bere vatn til dei. 

​

På kaia prata folk med kvarandre, henta post, eller handla  på butikken til Karsten i Sunda som dei kalte han. Karsten hadde også tobakkssalg for Tiedemann Tobakk, med eit reklameskilt på veggen. Det blei seinare ulovleg å reklamere for tobakk.  I butikken solgte han matvarer, teservise, kandissukker. Varene var over alt til og med i taket. Betjeninga var bak ein disk som dei kundane som kom på besøk fikk ikkje lov til og gå bak. Gutane kjøpte kandissukker for nokre øre for å gi det til jentene. 5-øres karamellen var svært populær. 


Det seiast at nokon prøvde å stjele sukker. Planen deira var og bore hol i golvet for dei viste nøyaktig kor sukkeret var. 
Karsten let ofte kundane krite for varane.  Det betyr at dersom dei ikkje hadde penger kunne Karsten skrive det i ei bok og kunden måtte betale seinare. 

Pollen

Av Nathalie, 6. klasse

​

På 60 tallet var det ikkje veg i Barlindbotn. Min bestefar, Mindor Tonheim budde der mykje av sitt liv. 

 

 

​

​

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mindor måtte gå cirka ein time til skulen i Barlindbotn. Han spurte alltid ei dame som budde i eit hus ved sidan av skulen kva klokka var, for å vere sikker på at han rakk skulen. 

Seinare begynte bestefar og vennane hans å jobbe med ein båt. Då blei det skuleskyss. Når han var blitt litt eldre, flytta han og familien, men når han gifta seg, flytta han tilbake. Han bur der fortsatt. 

 

 

Folk i Pollen på 60 tallet 

 

På 60 tallet så budde det flere folk enn ei familie i Pollen.

Det var ein mann som heiter Mathias,  han var postmann. Det budde og ein mann som heiter Zakarias og han budde på Teigen. Seinare flytta han til Steinhovden til Arne og familien hans. På 60 tallet var det lite plass på gamleheimen i Florø, så det var veldig vanskeleg for dei .som ikkje kunne klare seg sjølve.

 

 

På 60 tallet var det ikkje sånne pengar som vi har no, men det fanst både eitt-øre, to øre, fem øre, ti øre, 25 øre og femti øre.

​

Pollen.jpeg
  • White Facebook Icon
bottom of page