Gjallarhorn
Glimt frå bygdene rundt Høydalsfjorden på 1960-talet. Frå prosjektet "Heimbygda mi" ved Steinhovden skule
Heimbygda mi Litle Høydal
Slik var livet på 1960-talet av Mia, Lukas og Oline 5. klasse
Det var 105 innbyggjarar i Høydalane og Ausevik på 1960-talet. Dei fleste hadde gardar med kyr, gris og sau.

Rutebåten
I 1964 var det motorbåten M/B Florøy som gjekk i rute frå Florø til Høydalsfjorden. Båten hadde med seg post, passasjerar og varer til dei enkelte plassane i Høydalsfjorden. Det var ikkje veg, så folk måtte ta båt. Vegen mellom Litle Høydal og Store Høydal var under arbeid i 1964. Når folk skulle til byen, hadde mennene på seg hatt, og damene skaut og kåpe. Dei måtte bere mjølkespanna ned til kaia slik at M/B Florøy kunne ta mjølka med til meieriet i Florø.
Skogsdrift
Nokre bønder hogg tømmer i skogen. Dei brukte hestar til å frakte tømmeret heim. Då spente dei hestane framfor eit drett, men det måtte alltid vere snø for at det skulle gå. Tømmeret vart fløyta frå fjøra og ut til saga hans Hjalmar Terøy, og nokre gongar måtter borna ro tømmerflåtane ut til saga. Tømmeret vart saga til tønnestav og etter at staven vart tørka, vart han frakta med båt til tønnefabrikken i Eikefjord.
Høydalane skule
Det var skule i Litle Høydal på 1960-talet, men i 1976 vart skulen lagt ned. Kvart år kom det nye lærarar, men ein av dei som var der lenger, var Peder Hødal. Han reiste med båt frå Holmesund til skulen i Litle Høydal. Ein dag gjekk alle barna ned i kjellaren og gøymde seg i badstova før skulen begynte. Ei lita jente gøymde seg i ein vaskebalje og dei andre la ei vaskefille over baljen. Peder Hødal kom ned i kjellaren for å leite, men då han ikkje fann borna gjekk han opp att i klasserommet og spelte orgel. Då gadd dei ikkje å gøyme seg lenger og skulen kunne begynne. Sidan det ikkje var veg måtte borna gå til skulen, men dei som var lengst vekke fekk skuleskyss med båt.
Borna på 1960-talet
Borna var mykje ute og leika og hadde det veldig gøy. Om vinteren likte dei veldig godt å gå på ski, og om sommaren bada dei i fjæra og leika med dyra. Småjentene likte å leike med dukker. Borna måtte hjelpe foreldrene med arbeidet både ute og inne.
Sommarminne frå Høydalane
Tunalammet
Av Emil 3 . klasse

Heime hos farmor hadde dei eit tunalam. Lammet måtte få mjølk frå flaske. Farmor fekk lammet frå pappaen sin. Lammet var veldig glad i farmor. Men lammet var ein vær og utpå sommaren begynte det å stange folk. Først stanga han onkel også stanga han nabodama. Og då måtte dei slakte væren. Farmor var veldig lei seg, for væren hadde aldri vore stygg med ho.
Ferie
Av Tobias, 1. klasse
Då farmor var lita reiste dei ikkje på sommarferie. Dei måtte vere heime å hesje og rake.
Men av og til fekk dei reise på båttur ilag med dei andre ungane i bygda, det var veldig
kjekt.
Bankbok
Av Herman, 1. klasse
Då morfar var liten, måtte han jobbe om sommaren. Pengane sette han inn på ei bankbok.

